Inger Marie From () var ein norsk forfattar, omsetjar og fråhaldsforkjempar.

Familie Marie From var dotter av skipper August Jørgensen og Amalie Caspersen (1840-1921). Ho var gift med journalist og litterat Julius Severin Jørgensen From (1862-1934).Folketelling 1891 for 0724 Sandeherred: Tellingskrets: 010 Froms kreds: Bosted land: 032 J. Chr. From Ekteskapet vart oppløyst, og ho tok etternamnet Unneberg, etter garden ho kom frå.

Liv og virke Marie From engasjerte seg i fråhaldsarbeid frå 1886. I 1914 var ho med på å stifta IOGT sin barnelosje Malm,, og bidrog i barnebladet til organisasjonen Magne, og som omreisande talar.

I 1895-1896 gav ho ut tre små bind, der ho hadde omsett det første, Fra Drikkens Verden, frå engelsk. Dei to neste binda bar begge tittelen Skisser. Etter eit opphald på fleire år, tok ho opp att forfattarskapen med Livets Spil (1906). I 1907 gav ho ut Ranveig på landsmål. Denne boka kom i anna opplag i 1915.

Bibliografi

1895: Fra Drikkens Verden I, Sandefjord 1895: Fra Drikkens Verden II, skisser, Sandefjord 1896: Fra Drikkens Verden III, skisser, Sandefjord 1906: Livets Spil, Sandefjord 1907: Ranveig, Sandefjord (2. opplag 1915) 1908: Unødige Bekymringer, Kristiania 1916: En liten solstraale, Erik Gunleikson, Risør Til den norske kvinde, med Inga Zapffe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marie From» frå , den 16. november 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske fråhaldsfolk