Inger Laurina «Laura» Gjerløw () var ein norsk redaktør og forfattar.

Familie Laura Gjerløw var dotter av sokneprest og ordførar Boye Joachim Flood av slekta Flood og kona hans Inger Laurine Wright.Folketelling 1865 for 0727P Hedrum prestegjeld: Bosted land: 0003 Hedrums præstegaard Ho vart gift i 1885 med sokneprest Ragnvald Gjerløw (1853-1936) av slekta Gjerløw.

Liv og virke Laura Gjerløw var i 1910-1924 redaktør for det månadlege Missionslæsning for kvindeforeninger (som utkom som følgjeblad til Norsk Missionstidende), ei stilling ho overtok etter Bolette Gjerast bortgang. I 1922 gav ho ut den vesle boka Henriette Gislesen, som handlar ein av dei fremste kvinnelege religiøse forfattarar i Noreg, etter oppfordring frå det norsk-amerikanske bladet Familiens Magazin.

Gjerløw skreiv fleire forteljingar til ein serie samlingar for barn og unge kalla Lyngblomster.

Bibliografi

1922: Henriette Gislesen, Misjonsselskapet, Stavanger 1910-1924: Missionslæsning for kvindeforeninger, følgeblad til Norsk Missionstidende (redaktør)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laura Gjerløw» frå , den 16. november 2021.

Litteratur

Kategori:Folk frå Notodden Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet