Athena Manoukian () er ein gresk songar og låtskrivar med armenske røter. Manoukian skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «Chains on You», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Bakgrunn I 2007 vann Manoukian det greske talentshowet This Is What's Missing på Alpha Television Network Greece. Året etter deltok ho i den greske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest 2008.med songen «To fili ti sin Aphroditis», der ho enda på ein sjuande plass.

I 2011 slapp Manoukian debutsingelen sin «Party Like a Freak». Singelen fekk stor suksess i Hellas, og vart nominert til ein pris i greske Video Music Awards. I 2012 slapp ho oppfølgjarsingelen «I Surrender», etterfølgd av «Na Les Pos M'agapas» eit par månader seinare. Alle tre singlane selde til gull. I 2014 gav ho ut singelen «XO» på Warner/Chappell og Max Music Scandinavia, som også fekk stor suksess. Under Armenian Pulse Awards vann Manoukian pris i klassa «beste engelskspråklege song».

Som låtskrivar har Manoukian skrive ei rekkje låtar for andre artistar. I 2017 skreiv og komponerte ho låten «Palia mou agapi» som vart sungen av Elena Paparizou, vinnaren av Eurovision Song Contest 2005. I 2018 deltok Manoukian i britiske X Factor, men vart slått ut av tevlinga under den såkalte bootcamp.

15. februar 2020 vann Athena Manoukian Depi Jewratessil 2020, den armenske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest. Med songen «Chains on You» skulle Manoukian ha representert Armenia i Eurovision Song Contest i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.

Diskografi

Singlar

2011: «Party Like a Freak» (med DJ Kas) 2012: «Na les pōs m' agapas» 2012: «I Surrender» 2014: «XO» 2020: «Chains on You»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Athena Manoukian» frå , den 18. november 2021.

Kategori:Armenske songarar Kategori:Greske songarar Kategori:Folk frå Aten Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar