May Britt Lagesen () er ein norsk politikar for Ap som vart medlem av Trøndelag fylkesting i 2018, då ho òg vart leiar i hovudutvalet for kultur. Ved stortingsvalet 2021 vart ho første vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag.

Biografi May Britt Lagesen er utdanna barnevernspedagog frå Høgskolen i Harstad frå 1998 og har hatt sitt yrke i offentleg sektor. Ho var einingsleiar for bustadar for funksjonshemja i Steinkjer kommune før ho vart varaordførar i 2011. Ho har òg vore fylkessekretær i Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar i Nord-Trøndelag i fire år.

Lagesen melde seg inn i Arbeidarpartiet i 2002. I 2003 vart ho medlem av Steinkjer kommunestyre og formannskap. Lagesen var leiar i kommunestyregruppa til Arbeidarpartiet og varaordførar i Steinkjer frå 2011 til 2013. I 2013 vart ho med i Nord-Trøndelags fylkesråd for utdanning og kultur, noko ho var fram til samanslåinga av Nord- og Sør-Trøndelag i 2018. I 2015 vart ho òg innvald i Nord-Trøndelag fylkesting. Lagesen har vore nestleiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti.

Ved stortingsvalet 2021 vart ho vald til første vararepresentant for Ap til Stortinget frå Nord-Trøndelag. Den 14. oktober 2021 vart ho fast møtande vararepresentant for statsråd Ingvild Kjerkol.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «May Britt Lagesen» frå , den 18. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Lokalpolitikarar i Steinkjer Kategori:Ap-politikarar i Nord-Trøndelag