mini|Monica Belluci i Cannes i 2002. Monica Anna Maria Bellucci () er ein italiensk skodespelar og tidlegare fotomodell. Ho har vore gift med den franske skodespelaren Vincent Cassel sidan 1999. Bellucci snakkar både italiensk, engelsk og fransk flytande, og har spelt i filmar på alle desse språka, og dessutan arameisk i The Passion of the Christ.

Bellucci vart fødd i Città di Castello i Umbria i Italia. Med sikte på å bli advokat byrja ho å studera juss ved Universitetet i Perugia. For å kunna betala skulepengane byrja ho å ta oppdrag som fotomodell ved sida av studiane. Ho bestemde seg etter kvart for å satsa på karrieren som modell på heiltid, og hoppa av studiane. I 1988 flytta ho derfor til Milano og byrja å jobba for Elite Model Management. Allereie i 1989 var ho ein framståande modell både i Paris og i New York. Mellom anna var ho modell i franske ELLE og for motehuset Dolce & Gabbana.

Også i 1989, byrja Monica Bellucci å arbeida ein del som skodespelar ved sida av modelljobbingen. Gjennombrotet hennar kom med Dracula i 1992, og sidan har ho spelt i anerkjende filmar som Malèna, Irréversible, Matrix-trilogien og The Passion of the Christ.

Filmografi ÅrstalOrg. tittelEvt. norsk tittelRolleNotes1990Vita coi figli (Life With the Sons)EldaBriganti – Amore e libertà (Bandits – Love and Liberty)Costanza1991la riffaFrancesca1992Bram Stoker's DraculaOne of Dracula's bridesostinato destinoMarina/ Angela1994I MiticiDeborah1995Pala di NeveMelinaIl cielo é sempre piú bluJosephPharaoh's wife1996L'AppartementLisaNominert - César Award for Best Supporting ActressSorellina e il principe del sogno (uncredited)Princess1997StressatiDobermannNat the GypsyMauvais genreCamilleCome mi vuoiNellina1998Le plaisirGirlCompromisMoniqueUltimo capodanno dell'umanitàGiulia GiovanniniA los que amanValeria1999Comme un poisson hors de l'eauMyrtilleMediterranéesMarguerite2000Under SuspicionChantal HearstFranck SpadoneLauraMalènaMalèna Scordia2001Brotherhood of the WolfUlvenes klanSylvia2002Asterix & Obelix: Mission CleopatraAsterix & Obelix - Oppdrag KleopatraCleopatraIrréversibleAlex2003Remember Me, My LoveAlessiaNastro d'Argento award for Best Supporting ActressTears of the SunLena Fiore KendricksThe Matrix ReloadedPersephoneEnter the Matrix (videospill)Persephone (stemme)The Matrix RevolutionsPersephone2004The Passion of the ChristMary MagdaleneSecret AgentsBarbara / LisaShe Hate MeSimona Bonasera2005The Brothers GrimmBrødrene GrimmThe Mirror QueenHow Much Do You Love Me?Daniela2006SheitanLa belle vampiresseN (Io e Napoleone)Baronessa Emilia SpezialiThe Stone CouncilLaura Siprien2007Heartango(short film for Intimissimi)L'inafferrabile/ La passionale / L'indecisa / La curiosa / L'aggressiva / La mamma / La premurosaManuale d'amore 2(Capitoli successivi)LuciaShoot 'Em UpDonna QuintanoLe deuxième souffleManouche2008SanguepazzoLuisa FeridaL'uomo che amaAlba2009Don't Look BackJeanneThe Private Lives of Pippa LeeGigi LeeBaarìa – La porta del ventoBricklayer's girlfriendOmaggio a RomaTosca2010The WhistleblowerLaura LevinThe Sorcerer's ApprenticeTrollmannens læreguttVeronicaRose, c'est ParisL'esprit de gala2011Manual of Love 3ViolaGuardian of the HaremThat Summer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monica Bellucci» frå , den 19. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske skodespelarar