Ester Alexandra Crețu (), kjend under artistnamnet Ester Peony, er ein rumensk-kanadisk songar, komponist og låtskrivar. Namnet Peony kjem frå namnet til mora Bujorica; bujor er rumensk for 'peon'. Ester ynskte at artistnamnet hennar skulle ha eit samband med mora, for å ikkje føle seg så langt unna henne.

Peony representerte Romania i Eurovision Song Contest 2019 med songen «On a Sunday» etter at ho vann den nasjonale finalen Selecția Națională på TVR 17. februar 2019.

Bakgrunn Peony vart fødd i Câmpulung i Romania. I 2001 flytta ho frå Romania til Montréal i Canada saman med foreldra.

Karriere I 2014 starta Peony med å leggja ut sine eigne coverversjonar på YouTube-kanalen sin Ester Peony. Videoane vart godt mottekne. Den fyrste videoen hennes var ein coverversjon av «Dernière danse» av Indila, som per april 2019 hadde vorte vist nesten 2 millionar gonger. Videoen som på same tidspunkt hadde flest visingar på YouTube var ein coverversjon av «Ego» av Willy Williams, som var vorten vist 3,9 millionar gonger. Seinare i 2014 gav Peony ut singelen «Cuminte de Cranciun» (norsk 'Farvel til jula'). Dette er ein rumensk hiphop/rap-låt som vert framført av Ester Peony og fem andre rumenske artistar: Vescan, Puya, Mahai, Doddy og Ana Baniciu. I 2015 samarbeidde Ester og Vescan på ny, og samarbeidet førte til utgjevinga av songen «Sub Aripa Ta», som vart ein stor hit i Romania.

I 2019 vann Peony den nasjonale finalen Selecția Națională, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «On a Sunday». Peony deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest i Tel Aviv torsdag 16. mai 2019. Peony vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.

Diskografi

EP-ar TittelDetaljarDig It Utgjeven: 12. mai 2018 Utgjevar: Eige selskap Format: Digital nedlastning

Singlar TittelDatoÅrAlbum«Cuminte de Craciun» (Med Ana Baniciu, Puya, Mahia, Doddy og Vescan)6. desember2014N/A«Sub Aripa Ta» (Med Vescan)16. mars2015«Oameni» (Med Vescan, Alan og Kepa)18. mars«Iubire»15. april«Leyla»16. juli«1000 de Motive»26. mai2016«Dig It»12. mai2017Dig it«So Fine»«Leaving Tomorrow»«On My Way»«On a Sunday»20. desember2018N/A«Daca Sa Fi» (Med DiezZ)22. februar2019«On a Sunday» (Ny versjon)10. mars2019

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ester Peony» frå , den 21. november 2021.

Kategori:Rumenske songarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar