Jenny Jenssen () er ein norsk vokalist og artist/entertainar. Ho er kjend både som frontfigur i gruppa Septimus, soloartist og frå 2019 programleiar i radiokanalen P10 Country. Ho har drive utstrakt turnéverksemd i Noreg og har opptredd i TV og på radio ved fleire høve, blant anna i feelgoodprogrammet Fem folkekjære fra Momarkedet. Jenssen deltok i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 2007 og i delfinalen 2020. Jenssen har selt over 300 000 plater, motteke éi dobbel platinaplate og fire gullplater.

Jenssen har vore med i draumekoret til Bettan og sunge duett med Bjarte Hjelmeland. I 2007 debuterte Jenssen som skodespelar i TV-serien Willys jul.

I 2010 var Jenssen med i Maestro på NRK1. Våren 2011 deltok Jenssen og familien i programmet Charterfeber – Kjentfolk på tur på TV3. Hausten 2012 var Jenssen deltakar i Stjernekamp på NRK1. I mars 2013 var ho igjen å sjå som deltakar i 4-stjerners middag saman med Jannecke Øinæs, Beint Høie og Assad Arif.

Hausten 2014 feira Narvik Kulturhus Jenssen med festtilstellinga 50 år i livet – 40 år på scenen.

Diskografi

Med Septimus

Septimusikk 4 (Columbia) 1991 Septimusikk 5 (Columbia) 1993 Min sang (Tylden) 1995 Fri (Tylden) 1997 Våre aller, aller bæste (Tylden) 1999 12 rette (Tylden) 2001 Det beste av det meste – Septimus 40 år (Pinadø) 2011

Utgjevingar som soloartist

Det e mannfolk nok (Tylden) 1998 Pinadø (Showtime Records) 2003 Blå rose (Showtime Records 2003) Jennys jul (Pinadø) 2004 Frihet (Pinadø) 2006 De beste fra Jenny (Pinadø) 2007 Fint vær (Pinadø) 2009 From Our Hearts (Pinadø) 2010 med Åre Benoni Det beste av det meste – Septimus 40 år (Pinadø) (2011) «Mr. Hello» (singel, MGP-låt) (Pinadø) (2020)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jenny Jenssen» frå , den 26. november 2021.

Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix 2007-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2020-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2020-låtskrivarar