Laura Marie Marano () er ein amerikansk skodespelar og songar. Ho er best kjend for rolla si som Ally Dawson i Disney Channel-serien Austin & Ally. Ho hadde òg ei rolle i Without A Trace, der ho spelte dottera til hovudrolla. Marano har hovudrolla i indiefilmen A Sort Of Homecoming. I 2015 hadde ho hovudrolla i Disney-filmen Bad Hair Day. Rollefiguren hennar heitte Monica Reeves, og ein av motspelarane i filmen var Leigh-Allyn Baker.
Marano vart fødd i Los Angeles i California. Ho er dotter av Damiano og Ellen Marano. Den eldre systera hennar, Vanessa, er òg skodespelar. Faren Damiano har italienske røter. Marano har kombinert filmrollene med skulearbeid, og var på skulen to dagar i veka. I eit intervju har ho opplyst at «eg går på ein offentleg vidaregåande skule, og venene mina og alle der har vore veldig støttande. Det er fint å ha nokon så støttande rundt meg når eg ikkje jobbar, sjølv om venene mine på settet er heilt fantastiske.»
Karriere
Skodespelar Marano fekk det fyrste skodespelaroppdraget sitt då ho var fem år gammal. Sidan har ho jobba med fleire produksjonar for Stage Door Theater i California. Ho har vore med i fleire reklamar, og har hatt mindre roller i TV-seriar som Ghost Whisperer og Medical Investigation. Ho har òg dubba i animasjonsfilmar som Nemo og Ice Age. I filmen The Jacket, der Keira Knightley hadde ei av hovudrollene, spelte Marano Knightleys rollefigur som barn. Ho hadde òg ei fast rolle i FOX-serien Are You Smarter Than a 5th Grader?.
Marano var med i fleire episodar av serien The Sarah Silverman Program. I pilotepisoden til serien spelte ho Sarah Silverman som barn. Regissørane likte rolleprestasjonen så godt at dei i ein seinare episode gav ho ei større rolle, som vinnaren av ein venleikskonkurranse. Brian Pohsen, som kommenterte showet i DVD-utgåva, noterte at Marano ofte kunne både sine eigne og replikkane til andre skodespelarar betre enn dei fleste på settet.
I 2011 fekk ho rolla som Ally Dawson i Austin & Ally.
Musikk I 2013 spelte Marano inn fire solosongar og ein duett med Ross Lynch for Austin & Ally: Turn It Up. Songen Me and You hamna på sjetteplass på Billboard-lista. «Redial» låg meir enn fire veker på åttandeplassen på den amerikanske hitlista. Marano spelte òg inn duetten «I Love Christmas» med Ross Lynch for det tredje julealbumet til Disney. Han hamna på femtiandeplass på Billboard si juleliste.
I mars 2015 skreiv Marano platekontrakt med plateselskapet Big Machine Records, og vart dermed den fyrste popartisten til selskapet.
Filmografi +FilmÅrTittelRolleNotat2005The JacketJackie som barn2006Ice Age: The MeltdownForskjellige roller2007GoldfishSuzyKortfilmSuperbadBecca som barn2015A Sort of HomecomingUnge Amy2015Bad Hair DayMonica ReevesTV-film 2017Lady BirdDiana Greenway +TV-seriar og andre framferderÅrTittelRolleNotat2003–06Without a TraceKate Malonebirolle (sesong 2–4)2004Joan of ArcadiaEmily"Night without Stars" (sesong 1, episode 15)2005Medical InvestigationBrooke Beck"Tribe" (sesong 1, episode 13)2005–06The X'sScout YHovedrolle; stemme2006Ghost WhispererAudrey"Friendly Neighborhood Ghost" (Sesong 1, Episode 13)HuffAmelia"Black Shadows" (sesong 2, episode 12)DexterDebra som barn"Let's Give the Boy a Hand" (sesong 1, episode 4)"Father Knows Best" (sesong 1, episode 9)2007Are You Smarter Than A Fifth GraderSeg selv/dommer/mentorSesong 12007–08Back to YouGracie CarrHovedrolle2007–10The Sarah Silverman ProgramHeather Silverman / Sarah Silverman som barnBirolle2008Ni Hao, Kai-LanMei Mei"Kai-Lan's Trip to China - Part 1" (Sesong 1, Episode 119)"Kai-Lan's Trip to China - Part 2" (Sesong 1, Episode 120)Gary UnmarriedLouise Brooks"Pilot" (sesong 1, episode 1)"Gary Gets Boundaries" (sesong 1, episode 2)2009HeroesUnge Alice Shaw"1961" (sesong 3, episode 23)Little MonkLauren Monk"Little Monk and the Monk Cousin" (sesong 1, episode 5)2010True Jackson, VPMolly"Little Buddies" (sesong 2, episode 7)TelepathicMarshaUsolgt Nickelodeon-pilotFlashForwardUnge Tracy"Blowback" (sesong 1, episode 13)Children's HospitalHaley"Frankfurthers. Allman Brothers. Death, Frankfurters" (sesong 2, episode 7)2011–2015Austin & AllyAlly DawsonHovedrolle2012Austin & Jessie & Ally All Star New YearSpesialepisode2014Randy Cunningham: 9th Grade NinjaRachelStemme; "True Bromance" (sesong 2, episode 6)"Let the Wonk One In" (sesong 2, episode 15)2014Fish HooksJentehamster #2Stemme; "Algae Day" (sesong 3, episode 14)Liv and MaddieFangs"Howl-A-Rooney" (sesong 1, episode 16)
Diskografi
Album +Liste over album og listedetaljar.TittelAlbum detaljarListedetaljarUSList of Lynch's albums and singles on Billboard:USOST<br id="mwAS8"><br><br><br>Austin & Ally: Turn It Up Utgjeve: 17. desember 2013 Format: CD, Digital Nedlastning Plateselskap: Walt Disney Records896Austin & Ally: Take It from the Top Utgjeve: 31. mars, 2015 Format: CD, Digital Nedlastning Plateselskap: Walt Disney Records——"—" denotes releases that did nót chart or were nót released in that territory.
Singlar +Liste over singel og listedetaljar.TittelÅrAlbumWords2010 I Love Christmas (med Ross Lynch)2013Holidays Unwrapped
Andre framferder SangÅrAndre ArtisterAlbumPoop Song2010Sarah SilvermanFrom Our Rears to Your EarsShine2012rowspan="6" Disney Fairies: Faith, Trust and Pixie DustMe and You2013Austin & Ally: Turn It UpParachuteRedialFinally MeThe Me That You Don't See2014Disney Channel: Play It LoudAustin & Ally Glee Club Mash UpAustin & Ally castYou Can Come to MeRoss LynchCan't Do It Without You2015Austin & Ally: Take It from the TopNo Place Like Homerowspan="3" Play My SongDance Like Nobody's Watching
Musikkvideoer +Liste over musikkvideoar, utgivelsedato og regissørTittelÅrRegissørNotater"Heard It on the Radio"2012Matt Stawski Gjesteopptredenen; Ross Lynch's musikkvideo"The Me That You Don't See"2013 "Somebody to You"2014Emil NavaGjesterolle; The Vamps' musikkvideo"For The Ride"2015
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laura Marano» frå , den 30. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Los Angeles Kategori:USA-amerikanske skodespelarar