Zinajida Mykhajlivna Turtsjyna () er ein ukrainsk tidlegare handballspelar frå Kiev som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister 1976 og 1980, verdsmeister 1982 og 1986. På handballbana var Turtsjyna spelstyrar.
Karriere Klubbspel Zinajida Stolitenko byrja spele for Spartak Kiev i 1962. I 1965 gifta ho seg med trenaren i klubben, Ihor Turtsjyn. Frå 1969 til 1988 vart Spartak og Turtsjyna kvart einaste år sovjet-meister i handball. Perioden 1970 til 1988 sigra laget i EHF-meisterligaen. Turtsjyna var aktiv spelar i klubben heilt fram til 1994.
Landslagsspel Turtsjyna deltok i meir enn 500 landskampar for Sovjetunionen i tida 1965-88, dei siste 15 åra med ektemannen som landslagssjef. Etter VM-bronse i 1973, vann Turtsjyna VM-sølv i 1975, OL-gull i 1976, VM-sølv i 1978, OL-gull i 1980, VM-gull i 1982 og 1986, samt OL-bronse i 1988.
Etter Ihor Turtsjyn døydde i 1993, arbeidde Turtsjyna i ulike posisjonar i Spartak Kiev.
Merittar Olympisk meister: 1976 og 1980 for Sovjetunionen Verdsmeister: 1982 og 1986 for Sovjetunionen VM-sølv: 1975 og 1978 for Sovjetunionen VM-bronse: 1973 for Sovjetunionen Vinnar av EHF-meisterligaen: 1970, 1971, 1972, 1973, 1975, 1977, 1979, 1981, 1983, 1985, 1986, 1987 og 1988 med Spartak Kiev Sovjetisk meister: 1969-1988 med Spartak Kiev
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zinaida Turchyna» frå , den 3. desember 2021. Denne artikkelen bygger på «Sinajida Turtschyna» frå , den 3. desember 2021.
Kategori:Sovjetiske handballspelarar Kategori:Ukrainske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988