«Move» er ein gospel-popsong frå 2020 med det svensk-amerikanske gruppa The Mamas. Songen vart fyrste gong framført 1. februar 2020 under den fyrste delfinalen i den svenske Melodifestivalen. Songen kvalifiserte seg til finalen i Stockholm 7. mars 2020, og vann til slutt heile tevlinga. Med sigeren skulle «Move» ha vore det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Om songen «Move» er skriven av Melanie Wehbe, Patrik Jean og Herman Gardarfve, og vart skriven til gospel-soul-gruppa The Mamas. Gruppa kora på «Too Late for Love» med John Lundvik, som vann Melodifestivalen 2019 og til slutt vart nummer fem i Eurovision Song Contest same år.

I november 2019 offentleggjorde Sveriges Television at «Move» var blant dei 28 låtane som var plukka ut til Melodifestivalen 2020. Songen var det fyrste bidraget på scena i den fyrste delfinalen i Linköping laurdag 1. februar 2020. Der vann han delfinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 7. mars.

I finalen var «Move» det tredje bidraget ut på scena, og då juryavrøystinga var over, låg han likt med Dotter og «Bulletproof». I telefonavrøystinga fekk «Move» marginalt flest røyster og vann til slutt Melodifestivalen med berre eitt poeng over «Bulletproof». Med sigeren vart «Move» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest.

«Move» skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 10. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydt til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar Liste (2020)Høgaste plasseringSverige (Sverigetopplistan)1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Move (The Mamas-sang)» frå , den 10. desember 2021.

Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Engelskspråklege Melodifestivalen-songar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar