«Prison» (norsk 'fengsel') er ein song frå 2020 som vert framført av den moldovske songaren Natalia Gordienko. Songen vann den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa 2020 og skulle ha vore det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Songen er skriven av Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov og Sharon Vaughn, og vart utgjeven 30. januar 2020.

Eurovision Song Contest «Prison» vert framført av Natalia Gordienko og deltok i den moldovske songtevlinga O melodie pentru Europa, som vart arrangert laurdag 29. februar 2020. Vinnaren av tevlinga får representere landet i Eurovision Song Contest. «Prison» vann tevlinga etter å ha motteke flest poeng frå jurygruppa og TV-sjåarane. Songen skulle dimed ha representert Moldova i Eurovision Song Contest. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Moldova var trekt til å delta i den andre semifinale, som skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prison (Natalia Gordienko-sang)» frå , den 12. desember 2021.

Kategori:Moldovske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar