«Dark Side» (norsk 'skuggesida' eller 'den mørke sida') er ein rockelåt frå 2021 som vert framført av den finske post-hardcore-gruppa Blind Channel. Songen vart utgjeven 21. januar 2021 og vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 20. februar 2021. «Dark Side» var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på sjetteplass.

Om songen «Dark Side» er skriven av bandet sjølv: Aleksi Kaunisvesi, Joonas Porko, Joel Hokka, Niko Moilanen og Olli Matela. Bandet omtala songen som ein «anarkisk hymne til festane til mørkeret», og at den var eit perfekt uttrykk for kjernen til gruppa: «Vi vil vise at sjølv om livet er mørkare og tøffare, kan du framleis ha det moro». Bandet seier vidare at songen er tileigna alle som «følar seg utanfor og utilstrekkeleg».

«Dark Side» vart plukka ut som eit av sju bidrag til Uuden Musiikin Kilpailu 2021, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen 20. februar vann «Dark Side» ein solid siger med 551 poeng og vart det finske bidraget til Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest Finland vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen gjekk av stabelen i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai 2021. Der vart «Dark Side» nummer fem og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai 2021. I finalen var songen det 16. bidraget på scena. Den kom på sjetteplass med til saman 301 poeng frå sjåarane og juryane. I telefonavrøystinga var «Dark Side» det fjerde mest populære bidraget.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringAusterrike (Ö3 Austria Top 40)64Belgia (Ultratip Flandern)1Finland (Suomen virallinen lista)1Hellas (IFPI Greece)17Irland (IRMA)62Island (Tónlistinn)10Litauen (AGATA)5Nederland (Single Top 100)22Noreg (VG-lista)27Storbritannia (UK Vert singla)66Sveits (Schweizer Hitparade)39Sverige (Sverigetopplistan)28Tyskland (Deutsche offizielle Charts)51

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dark Side» frå , den 13. desember 2021.

Kategori:Finske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar