«Running» (norsk 'springande') er ein song frå 2020 som vert framført av den tyske songaren Sandro Nicolas. «Running» vart utgjeven i mars 2020 og skulle ha vore det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Eurovision Song Contest 29. november 2019 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Sandro Nicolas skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest. Det verkelege namnet hans er Alessandro H. Rütten, og han er fødd og oppvaksen i Tyskland. Sandro har amerikansk far og gresk mor.

RIK sette ned eit låtskrivarlag for å lage og utvikle «Running». Den australske musikaren og songaren Alfie Arcuri leia låtskrivarlaget, medan Martin Dietmann var kunstnarisk leiar for songen og framsyninga. Låten vart presentert og utgjeven i mars 2020.

I januar 2020 heldt EBU ei loddtrekking for å avgjere kva for ein av dei to semifinalane songen skulle delta i. Kypros vart trekt ut til å opptre i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Running (Sandro-sang)» frå , den 15. desember 2021.

Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar