mini|Midtbyen i Minot

Ward County er eit fylke vest-nordvest i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota. Flatevidda til fylket er på 5 330 km² og folketalet 70 000. Fylket vart oppretta i 1886 og er styrt frå byen Minot.

Ein stor flybase ligg i Ward County. Elles hyser fylket Scandinavian Heritage Park i byen Minot, der det òg årleg vert arrangert Norsk Høstfest.

Ved folketeljinga 2000 vart 34,7 % av ibuarane i fylket registrert som tyskætta og 27,9 % som norskætta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ward County, North Dakota» frå , den 17. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Nord-Dakota