Bartlesville er ein amerikansk by som ligg i Washington County i Oklahoma. Ved folketeljinga i 2020 var folketalet . Byen dekkjer eit areal på 58,99 km². Caney River renn gjennom Bartlesville.

Bartlesville ligg nord for Tulsa og sør for delstatsgrensa til Kansas. Han er administrajsonsstad for Washington County. Ein del av busetnaden i Bartlesville ligg i nabofylket Osage County.

Bartlesville er kjend som langvarig hovudkvarter for Phillips Petroleum Company. Frank Phillips grunnla Phillips Petroleum i Bartlesville i 1905 då området framleis var Indian Territory. Selskapet blei slått saman med Conoco til ConocoPhillips og seinare delt opp att i to ulike føretak, Phillips 66 og ConocoPhillips. Begge føretaka har halde noko av verksemda i Bartlesville, men dei har flytta hovudkontora til Houston i Texas.

Området er ein av to stader i Oklahoma der ein lenapestamme bur, den andre er i Anadarko. "Delaware (Lenape)." USGenWeb. 2. jnuar 2015. Henta 24. februar 2015.

Byen har namn etter Jacob Bartles, ein kvit svigerson av lenapehovdingen Charles Journeycake, som flytta hit frå Wyandotte County i Kansas i 1873. Han slo seg fyrst ned ved Silver Lake, ein innsjø sør for dagens Bartlesville. I 1874 opna han ein handelsstasjon og postkontor ved Turkey Creek, i dagens East Bartlesville. Han utvida med å byggja om ei mølle, ei krambu, eit herberge, ei smie og ein stall. Bartles fekk etterkvart også elektrisitet, telefon og vasstilførsel til staden som fyrst blei kjend som «Bartles Town».May, Jon D. "Bartlesville." Encyclopedia of Oklahoma History and Culture. Retrieved January 15, 2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bartlesville, Oklahoma» frå , den 20. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Washington County i Oklahoma Kategori:Byar i Osage County i Oklahoma Kategori:Byar i Oklahoma