«Wake Up» (norsk: vakn opp) er ein popsong frå 2019 som vert framført av den belgiske songaren Eliot Vassamillet. Songen var det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Om songen

Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest går på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren RTBF og den flamske kringkastaren VRT. I 2019 var det RTBF sin tur, og kringkastaren valde Eliot Vassamillet og «Wake Up» internt. Songen er komponert av Pierre Dumoulin og vart offentleggjord 28. februar 2019.

Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Belgia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Belgia hadde startnummer 10. «Wake Up» enda på ein 13. plass i sin semifinale og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.

Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering, Flandern (Ultratop)35, Vallonia (Ultratop)27 (AGATA)77

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Wake Up» frå , den 22. desember 2021.

Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar