«Telemóveis» (norsk 'mobiltelefonar') er ein song frå 2019 som vert framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Conan Osirís. «Telemóveis» vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2019 og var det portugisiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen er komponert og skriven av Osirís sjølv.
Om songen
«Telemóveis» var ein av 16 songar som vart plukka ut av kringkastaren RTP til songtevlinga Festival da Canção 2019, den portugisiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2019. Songen er skriven og produsert av Conan Osíris og vann den portugisiske finalen 2. mars, etter å ha vore favoritten både hos juryane og i telefonavrøystinga.
«Telemóveis» er ein worldbeat-song som blandar pop og rock med tradisjonelle portugisiske musikksjangrar. Den spanske avisa 20 minutos kalla songen ein «miks av elektroniske rytmar med meir orientalske lydar». Francisco Chacón i den spanske avisa ABC meinte songen hadde «arabiske element», medan avisa El Confidencial skildra songen som ein «blanding av arabiske element med techno og afrikanske rytmar».
Eurovision Song Contest I januar 2019 vart Portugal trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Portugal hadde startnummer 15. «Telemóveis» enda på 15. plass i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (AFP)10
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Telemóveis» frå , den 23. desember 2021.
Kategori:Portugisiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Portugisiskspråklege Eurovision Song Contest-songar