mini|Tinghuset i Ryegate

Golden Valley County er eit fylke sentralt i den USA-amerikanske delstaten Montana. Fylket, som vart grunnlagt i 1920, hadde 823 ibuarar i 2020 og dekker eit areal på 3 050 km². Fylkesadministrasjonen held til i Ryegate, ein landsby 1113 meter over havet og med 223 ibuarar i 2020.

Folketeljinga 2000 fann at 44,4 % av ibuarane var tyskætta, 11,4 % amerikanskætta, 8,2 % norskætta og 7,7 % av engelsk ætt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Golden Valley County, Montana» frå , den 27. desember 2021.

Kategori:County i Montana