Island County er eit fylke nordvest i den USA-amerikanske delstaten Washington. Fylket omfattar to langstrekte øyar i Puget Sound. Island County har i kring 87000 ibuarar og flatevidda er 1340 km². Fylkessetet ligg i landsbyen Coupeville, Oak Harbor er største byen. Fylket vart skipa i 1852.

I fylgje folketeljinga 2000 var 16,2 % av ibuarane av tysk, 11,2 % av engelsk, 9,9 % av irsk, 7,2 % av amerikansk og 6,0 % av norsk opphav.

mini|venstre|Oak Harbor

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Island County, Washington» frå , den 28. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Washington