«Mercy» er ein fransk song frå 2018, skriven og framført av den franske duoen Madame Monsieur. Songen vart utgjeven digitalt 20. januar 2018 gjennom plateselskapa Low Wood og Play Two, og songen var hovudsporet på andre albumet til duoen, Vu d'ici, utgjeve i 2018. «Mercy» var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i Portugal.
Bakgrunn «Mercy» er skriven og produsert av Émilie Satt og Jean-Karl Lucas, som saman utgjer duoen Madame Monsieur. Tittelen tyder 'nåde', men peiker eigenleg til ein verkeleg person, ei jente som vart fødd av nigerianske flyktningar om bord på ein båt i Middelhavet. Jenta vart døypt Mercy og vart seinare funnen i godt hald på i ein italiensk flyktningleir på Sicilia. Songen tek dimed for seg den europeiske migrasjonskrisa som har eskalert frå 2015, og som har kosta tusenvis av menneskeliv. I musikkvideoen til songen går menneske rundt i europeiske storbyar, iført redningsvestar og varmefoliar.
Eurovision Song Contest 1. januar 2018 vart Madame Monsieur stadfesta som ein av 18 deltakarar til songtevlinga Destination Eurovision, den franske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest. «Mercy» gjekk vidare frå semifinalen 20. januar etter toppoeng frå den internasjonale juryen og franske tv-sjåarar. Songen vann deretter finalen 27. januar, etter å ha kome på tredjeplass hos juryen og ein klår fyrsteplass hos tv-sjåarane.
Etter å ha vunne Destination Eurovision, vart «Mercy» det franske bidrag i Eurovision Song Contest 2018. Songen deltok i finalen laurdag 12. mai i Lisboa i Portugal, der han vart nummer 13 av 26 deltakarar.
Listeplasseringar Liste (2018)Høgaste plassering , Flandern (Ultratip)36 , Vallonia (Ultratop)10 (SNEP)29 (Sverigetopplistan)90
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mercy (Madame Monsieur)» frå , den 29. desember 2021.
Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar