Ilka Štuhec () er ein slovensk alpin skirennar frå Slovenj Gradec. Ho vart verdsmeister i utfor under VM i alpine greiner 2017 og forsvarte VM-tittelen i øvinga to år seinare. I 2017-sesongen gjekk ho til topps i så vel utforøvinga som kombinasjonstevlinga i FIS-verdscupen, og enda på andreplass i den samla FIS-turneringa. Pr 1.1.2022 har Štuhec sigra i ni enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ilka Štuhec» frå , den 18. januar 2022.

Kategori:Slovenske alpinistar