Prosopis cineraria er eit treslag i erteblomfamilien. Det kjem frå tørre område i Vest-Asia og Det indiske subkontinentet, som Afghanistan, Bahrain, Iran, India, Oman, Pakistan, Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Jemen. Det kan overleva hard tørke. Det er blitt etablert som ein innført art i delar av Søraust-Asia, som Indonesia.
Skildring venstre|mini|Grein av Prosopis cineraria. venstre|mini|Blomar venstre|mini|Belgar P. cineraria er eit lite tre som blir høgt. Blada er dobbeltfinna, med sju til fjorten småblad på kvar av dei to til tre hovudfinnane. Greinen har tornar mellom bladstilkane. Blomane er små og kremgule. Dei blir ettefølgde av frø i belgar. Treet kan veksa i ekstremt tørre tilhøve, med så lite nedbør som årleg, men det er eit teikn på at det finst ein djup grunnvasspegel i området. Som med andre artar i slekta Prosopis har P. cineraria toleranse for svært alkaliske og salthaldige miljø.
Kulturell tyding Treet er kjent som ‘ghaf på arabisk. Det er nasjonaltreet til Dei sameinte arabiske emirata.
Prosopis cineraria er også delstatstre for Rajasthan og Telangana i India. Treet har mange ulike namn i ulike delar av Nord- og Vest-India, som shami i Maharashtra og Uttar Pradesh, jammi i Telangana og Andhra Pradesh, khijro i Gujarat, khejri i Rajasthan, janti i Haryana og jand i Panjab.
mini|Livsens tre i Bahrain Eit stort, kjent eksemplar av arten i Bahrain blir kalla Livsens tre. Det er rundt 400 år gammalt, og veks i ein ørken utan nokre synlege vasskjelder.
Vern I 1730 fann det stad ein valdsam konfrontasjonen i landsbyen Khejarli nær Jodhpur i Rajasthan kring skjebnen til denne tretypen. Amrita Devi og dei tre unge døtrene hennar gav liva sine i eit forsøk på å verna nokre khejri-tre som maharaja Abhay Singh hadde gjeve ordre om å hogga for å gje plass til det nye slottet hans. Dette førte til eit stort opprør der 363 menneske blei drepne medan dei prøvde å verna trea. På 1970-talet førte minnet om dette offeret til byrjinga av Chipko-rørsla.
Dei sameinte arabiske emirata har ein kampanje kalla Give a Ghaf campaign der innbyggjarar blir oppmuntra til å planta treet i hagane sine for å kjempa mot ørkenspreiing og ta vare på kulturen til landet. Ørkenlandsbyen Nazwa huser Al Ghaf Conservation Reserve.
Religiøs tyding mini|Tempeltre i Kodumudi Magudeswarar tempel i Tamil Nadu. Treet har ei viktig tyding blant hinduar. Det er tett knytt til eldguden Agni, som ifølgje ei soge gøymde seg i det då dei andre gudane leita etter han. Treslaget blir rekna som ein god vedkjelde til rituelle bål.
Det blir tilbede under høgtida dusshera, der det har ei viktig rolle den tiande dagen. Historisk pleide ranaer blant radjputar, som både var øvsteprestar og kongar, å leia seremoniane og så sleppa fri ein fugl som var heilag til guden Visjnu (Rama). I Deccan pleide marathaene på den tiande dagen av dusshera å skyta piler inn i krona til treet og samla lauv som fall ned i turbanane sine.
Bruk til mat og medisin
Ein kan bruka umogne eller tørka belgar til mat i fleire ulike rettar og pikkels. Knoppar, blomar og bork kan òg etast, sistnemnde typisk i borkebrød. Blada er også blitt brukte som urtemedisin mot ei rekkje plager. I Thar-ørkenen blir belgane av treet, kalla singhri eller sangri, brukt til å laga ulike variantar av rettane bhaaji og kadhi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Prosopis cineraria» frå , den 24. januar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Erteblomfamilien Kategori:Plantar i Afghanistan Kategori:Plantar i Bahrain Kategori:Plantar i Iran Kategori:Plantar i India Kategori:Plantar i Oman Kategori:Plantar i Pakistan Kategori:Plantar i Saudi-Arabia Kategori:Plantar i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Plantar i Jemen