Eirik Martin Torvaldsson Sommer () var ein norsk lærar og forfattar. Han var ein av dei fyrste til å gje ut bøker på landsmål.
Sommer var fødd i Trondheim som son av ein skomakar. Han utdanna seg til lærar ved Klæbu seminar, som han gjekk ut frå i 1852. Deretter var han huslærar i nokre år, før han verka på verksskulen ved Nedre Leirfoss i Strinda i åtte år. Han måtte etterkvart gje seg som lærar på grunn av nedsett syn. I 1867 kjøpte han eit gardsbruk i Åfjord på Fosen der han levde livet ut.
Sommer gav ut diktsamlinga Soga-visor om de norske Konungar og de største Hend i Norrig i den hedenske Tidi til Haaken Jarl sit Fall i 1857. Dette var ei av dei aller fyrste bøkene på landsmål gjevne ut etter Ivar Aasen. Han gav så ut historieboka Noregs Saga i Stuttmaal (1862), som Aasen skreiv føreord til, og ei byrjinga på Sverresoga på landsmpål (1864). Eirik Sommer spelte òg ei viktig rolle i det første mållaget i Trondheim.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Målfolk Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske lærarar