Border Region er ein statistisk region i Irland på NUTS-nivå III, og ein tidlegare administrativ region. Namnet på regionen viser til at han ligg langs grensa mellom Republikken Irland og Nord-Irland, som er del av Storbritannia. Regionen omfattar ikkje begge sidar av grensa, men dei irske fylka Cavan, Donegal, Leitrim, Monaghan og Sligo. Border Region dekkjer 11 516 km2, 16,4 % av totalarealet til staten, og har eit folketal på 392 837, 8,28 % av det totale folketalet i Irland.Irish Region Office - Regions of Ireland: Border Region Border Regional Authority - Profile of the Region NUTS-koden er IE041.
Dei største byane i regionen er Letterkenny og Sligo, begge med folketal like over 19 000.
Tidlegare administrativ region alt=|mini|Border Region frå 2003 til 2018 Border Region var tidlegare ein administrativ region leia av Border Regional Authority, som hadde 38 innvalde representantar. Dei kom saman ein gong i månaden og blei nominerte frå dei seks lokale råda i regionen:
Donegal County Council Louth County Council Cavan County Council Monaghan County Council Sligo County Council Leitrim County Council
Regional Authority-ordninga blei oppløyst i 2014 og erstatta av ei med Regional Assembly. Etter reforma i 2014 har regionar på NUTS-nivå III ikkje hatt noka administrativ rolle.
Utskiljing av Louth Under Commission Regulation (EU) 2016/2066, som blei verksam i 2018, blei County Louth overført til Mid-East Region, slik at Border Region blei redusert frå 6 til 5 county. Flyttinga hadde samanheng med Louth si plassering langs vegen mellom Dublin og Belfast og sterke økonomiske band til Stor-Dublin, sjølv om Louth har grense motl Nord- Irland. Endringa hadde fleire følgjer. County Louth hadde 24,6 % av innbyggjarane i Border-regionen, og var det nest folkerikaste fylket der, etter Donegal. Dei to største byane i regionen, Dundalk og Drogheda, blei tekne ut, og regionen mista kystslinja si mot Irskesjøen. Louth var òg det einast fylket frå Leinster i regionen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Border Region» frå , den 7. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Geografi i Republikken Irland