H.C. Andersens Lind er eit stort einstamma lindetre i Augustenborg Slottspark. Fram til 2020 var treet 28 meter høgt og hadde ein omkrins på 5,3 meter.

Under treet er det ein benk med utsikt over Augustenborg Fjord der det blir at sagt H.C. Andersen fann skugge og inspirasjon til eventyra sine. H.C. Andersen var på Augustenborg Slott 11.-29. september 1844 som gjest av hertugen av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Augustenborg Christian Carl August og hertuginne Louise Sophie. Andersen hadde tidlegare vitja kongeparret på øya Før i Vadehavet, der han møtte hertuginna av Augustenborg, som inviterte han til å besøka slottet.Historisk Atlas, Augustenborg Slot, Parken: http://historiskatlas.dk/Augustenborg_Slot_(2966)

H. C. Andersen-linda blei svært skadd under ein sterk storm i 2020. Tilbake står ein avbroten stamme som har fått nye skot. Stammen blir halden opprett ved hjelp av to jernbjelkar som kommunen har sett opp i eit forsøk på å verna det historiske treet.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «H.C. Andersens Lind» frå , den 23. februar 2022.

Kategori:Augustenborg Kategori:Lindeslekta Kategori:H.C. Andersen Kategori:Kjende tre