Karl Geiger () er ein tysk skihoppar frå Oberstdorf. Han vart i desember 2020 verdsmeister i skiflyging i Planica. Under Ski-VM 2019 vann han gull i så vel lagtevlinga og i mix-tevlinga, ein prestasjon han gjentok i Ski-VM 2021.

Aktiv Geiger deltok på Tysklands lag som sikra seg sølvmedaljen i lagtevlinga ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Sesongen etter syrgde han for suveren tysk siger i lagtevlinga under verdsmeisterskapen i Seefeld in Tirol, saman med Richard Freitag, Stefan Leyhe og Markus Eisenbichler. I lag med sistnemnde og kvinnene Katharina Althaus og Juliane Seyfarth tok han ein ny VM-tittel seks dagar seinare. På nyåret 2020 enda Geiger på tredjeplass i tysk-austerriksk hoppveke, året etter vart han andremann i hoppveka. I desember 2020 i Planica lukkast han verte verdsmeister i skiflyging. Med 877,2 poeng slo han andremann, Halvor Granerud, med fattige 0,5 poeng. Under Ski-VM 2021 på heimstaden Oberstdorf vart Geiger nummer to i normalbakken og tre i storbakken. Samstundes forsvarte han VM-titlane i lagtevling og for mix-lag. Nemnde Eisenbichler var med på begge desse triumfane, og som sist var Althaus med på mix-laget. Pius Paschke og Severin Freund var nye i lagtevlinga for menn, Anna Rupprecht var ny på mix-laget. Under Vinter-OL 2022 vann Geiger bronsemedaljen i storbakken, han fekk også bronse i lagtevlinga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karl Geiger (Skispringer)» frå , den 26. februar 2022.

Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021