Nattfiol (Platanthera bifolia) er ei plante i nattfiolslekta Platanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien).
Utsjånad Nattfiol kan bli kring 40 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt mindre og spinklare enn grov nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).
Systematikk I Noreg har nattfiol desse to underartane:
heinattfiol (nominatunderarten P. bifolia ssp. bifolia) skognattfiol (P. bifolia ssp. latiflora)
I Plants of the World Online er skognattfiol ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for heinattfiol. Der og i og WFO – The World Flora Online reknar ein med desse underartane: Platanthera bifolia subsp. bifolia Platanthera bifolia subsp. osca : Italia Platanthera bifolia subsp. subalpina : Sentrale Europa og Italia
Utbreiing Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever i det meste av landet, med to tyngdepunkt sør på Austlandet og i Midt-Noreg. I Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nattviol), i Danmark (NT, dansk namn bakke-gøgelilje) og i Finland (LC, finsk namn valkolehdokki).
Nattfiol (engelsk namn lesser butterfly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU). Lokalt er han sterkt truga (EN) i England og sårbar (VU) i Skottland, men livskraftig (LC) i Wales. I Irland har han status som livskraftig (LC).
I Estland (estisk namn kahelehine käokeel) er nattfiol vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn smaržīgā naktsvijole) er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen (litauisk namn dvilapė blandis) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn welriekende nachtorchis, fransk namn platanthère à deux feuilles) spreidd i Nederland, men er i sterk tilbakegang, særleg i sør. I Belgia er han svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, litt vanlegare i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd). I Belgia er han rekna som sterkt truga i Flandern (EN, bedreigd), medan han er nedgradert frå sterkt truga til sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).
I Tyskland er arten (tysk namn Weiße Waldhyazinthe) rekna som sårbar (VU, gefährdet). I Polen (polsk namn podkolan biały) blir arten rekna som livskraftig (LC).
Hybridar Det er gjort funn av hybridar mellom nattfiol og grov nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida) i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett. Hybriden med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha) er registrert fleire stader i det sørlege Sverige, medan hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader. I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet. I Danmark er båe underartane representerte i hybridane. På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane. Hybriden er òg registrert i Estland, i Litauen, i Nederland og i Tyskland (tysk namn Bastard-Waldhyazinthe) utan at det er skild mellom underartane.
I Sverige er nattfiol (som i dette tilfellet då helst er skognattfiol) rapportert å kunne danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Platanthera bifolia), men funnet er ikkje verifisert.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Nattfiolslekta