Dyneflangre (Epipactis helleborine asp. neerlandica) eller jærflangre er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk Dyneflangre, tidlegare kalla jærflangre, er ein underart av breiflangre, med eit noko tettare aks enn nominatunderarten skogbreiflangre (ssp. helleborine) og med blada litt tettare inntil stengelen.
Utbreiing Dyneflangre er knytta til sanddynelandskap, og finst berre i landa rundt Nordsjøen. I Noreg finn vi han i dynetrauga bak strendene på Jæren. I raudlistevurderiga 2021 er underarten klassifisert som sterkt truga (EN).
Arten finst òg i Danmark. I den danske Naturbasen er det oppgitt to varietetar: E. helleborine ssp. neerlandica var. neerlandica (status LC, dansk namn hollandsk hullæbe) E. helleborine ssp. neerlandica var. renzii (NT, dansk namn skagen-hullæbe)
På dei britiske øyane er nokre funn av dyneflangre rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og er ført opp i den britiske raudlista med datamangel (DD).
I Benelux er underarten (nederlandsk namn duinwespenorchis, fransk namn épipactis de Hollande) å finne i sanddyner langs kysten i Nederland. I Flandern i Belgia er han sjeldan, og han finst ikkje i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd). I Belgia er han ikkje raudlistevurdert separat, og i Luxembourg finst han ikkje. I Tyskland (tysk namn Holländische Breitblättrige Ständelwurz) er han svært sjelden (extrem selten).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Flangreslekta