Kjell Bondevik () var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger. Bondevik vaks opp i Sogndal.
Liv og virke Yrkesliv Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgransking ved Universitetet i Bergen.
Politikk Bondevik var stortingsmann for Rogaland fylke 1950-1965, Kristeleg Folkeparti sin nestformann 1955-61 og parlamentarisk leiar 1961-65.
Vidare var han sosialminister i John Lyng si regjering 1963, og kyrkje- og undervisingsminister i Per Borten si regjering 1965-71.
Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at Høgres John Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.
Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:
«Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye - som ein kunne ha fått gjennomført - gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»
I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.
Kjell Bondevik var onkel (farbror) til Kjell Magne Bondevik.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Om Kjell Bondevik i Allkunne Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978 Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lyng Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Norske folkloristar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Folk frå Leikanger