Spiranthes romanzoffiana er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk Dei nye funna i Nederland kan reknast til to ulike varietetar: S. romanzoffiana var. gemmipara (Sm.) Kreutz & M.H.Schot S. romanzoffiana var. stricta (Rydb.) Druce
Utbreiing Arten finst i Europa berre på Dei britiske øyane og i Nederland, men er elles utbreidd i Nord-Amerika.
S. romanzoffiana (engelsk namn: «irish lady's-tresses») veks heilt vest i Storbritannia og i Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC). Lokalt er han regionalt utdøydd (RE) i England (sist funne i 1994), men livskraftig (LC) i Skottland. Arten vart oppdaga i Wales i 2019. I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015. På den irske raudlista har han status som nær truga (NT), og det er laga ein eigen aksjonsplan for arten.
I 2014 dukka arten (nederlandsk namn groene schroeforchis) opp i Nederland aust for Breda, det første funnet av arten på det europeiske fastlandet. Han dukka òg opp att året etter.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Skrueaksslekta