Dactylorhiza incarnata ssp. pulchella er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Underarten finst truleg ikkje i Noreg, men er teken med i namnetreet i Artsdatabanken.

Systematikk Dactylorhiza incarnata ssp. pulchella høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta. Den er ein underart av engmarihand. Fordelinga på underartar av engmarihand er ikkje fullt ut klarlagd på Dei britiske øyane.

Utbreiing I Noreg er det registrert nokre funn i herbariebelegg frå 1855 til 1930. Underarten høyrer elles heime i Storbritannia og Irland og blir rekna som endemisk for Dei britiske øyane.

I den britiske raudlista er arten frå 2025 vurdert som livskraftig (LC), medan han lokalt i England står på venteliste (WL) i påvente av meir data. Han finst truleg ikkje i Skottland, men har vore rekna som livskraftig (LC) i Wales, og i den irske raudlista har underarten status som livskraftig (LC).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Marihandslekta