All the Young Dudes er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Mott the Hoople, gjeve ut i 1972. Det var det første albumet deira for CBS Records (Columbia Records i USA og Canada), etter tre år på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i Amerika.
Bakgrunn og mottaking All the Young Dudes vart vendepunktet for det britiske bandet, som til då hadde strevd med å slå gjennom. Mott the Hoople var på randen var å gje seg då David Bowie kom inn og gav dei songen «All the Young Dudes». Bowie produserte òg albumet, som tok Mott «frå potensielt utdatert til å bli avatarar for glamrockrørsla». Ei ommastra og utvida utgåve av albumet kom ut på Sony BMG i Storbritannia og USA den 21. februar 2006.
Tittelsporet, «All the Young Dudes», kom ut på singel før albumet og gjekk inn på salslistene verda over, og vart «den ultimate glitterbarn-anthem i 1970-åra».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.117 «Sweet Jane», ein versjon av Velvet Underground-songen frå albumet deira Loaded, kom ut på singel i Canada, Nederland, Portugal, Spania og USA, men ikkje i heimlandet i Storbritannia. «One of the Boys», opphavleg B-side til «All the Young Dudes», kom òg ut på Nord-Amerika og det kontinentale Europa.
I 2003 vart albumet rangert på 491. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2012 var albumet fltta til 484. plassen på lista med omtalen «Mott høyrest stundom meir soul-aktig ut, men aldri meir sexy eller glitteraktig.»Wenner, Jann S., ed. (2012). Rolling Stone – Special Collectors Issue – The 500 Greatest Albums of All Time. USA: Wenner Media Specials.
«Ready for Love» vart omarbeidd av det seinare bandet til Mick Ralphs, Bad Company, på det sjølvoppkalla debutalbumet deira. «Soft Ground» vart skriven av organisten Verden Allen og, utanom albumet deira frå 2013, var dette einaste gongen han song solovokal for Mott the Hoople.
Kontrovers kring innspelinga Det har vorte spekulert i mange år at sjølv om All the Young Dudes vart gjeve ut på CBS/Columbia Records, så kan Mott the Hoople ha spelt inn delar av eller heile albumet medan dei framleis hadde kontrakt med det førre selskapet sitt, Island Records – og om det skulle vise seg å vere sant hadde Island hatt rettane til innspelingane. Spekulasjonane vart forsterka i 2006 då den ommastra utgåva av All the Young Dudes kom ut med fleire bonusspor. Produksjonen på eit av bonusspora, «Black Scorpio» (ei tidleg utgåve av «Momma's Little Jewel»), er tilskriven den faste produsenten til Island, Muff Winwood, noko som indikerer at songen i det minste byrja medan Mott framleis var hos Island.Platenotata på den ommastra utgåve av All the Young Dudes, Sony/BMG/Legacy Records, catalog no. K2796-93809-2, utgjeve 2006.
Innhald
Medverkande Mott the Hoople Ian Hunter – solovokal, gitar, piano Mick Ralphs – sologitar, korvokal, solovokal på «Ready For Love / After Lights» Pete Overend Watts – bassgitar, korvokal Dale «Buffin» Griffin – trommer, perkusjon, korvokal Verden Allen – orgel, korvokal, solovokal på «Soft Ground»
Andre medverkande Ariel Bender – gitar, vokal på bonusspora 6, 7 Mick Bolton – orgel på bonusspor 7 David Bowie – saksofon, korvokal, vokal på bonusspor 5 Morgan Fisher – orgel, Mellotron på bonusspor 3; piano, synthesizer, vokal på bonusspora 6, 7 Ray Majors – slidegitar på bonusspor 2 Mick Ronson – strykeinstrument, blåsarar, arrangement på «Sea Diver» Buddy Bauerle – panfløyte Mike Walls – Hammond B3-orgel Jeff Hanover – vibraslap
Teknisk David Bowie – produsent David Hentschel, Keith Harwood, Ted Sharp – lydteknikar George Underwood – plateomslaget Mick Rock – konsept for plateomslaget, kunstnarisk leiar, fotografi
Salslister Album ÅrListePlassering1972/73UK Albums Chart21AUS Kent Music Report61US Billboard 20089 Single ÅrSingelListePlassering1972«All the Young Dudes»UK Singles Chart3US Billboard Hot 10037«One of the Boys»US Billboard Hot 10096
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «All the Young Dudes (album)» frå , den 15. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Mott the Hoople-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Columbia Records-album Kategori:CBS Records-album Kategori:Plateomslag av Mick Rock Kategori:Album spelte inn i Olympic Sound Studios 484