«Honaloochie Boogie» er ein song av Mott the Hoople. Han var ein oppfølgjar til gjennombrotssingelen deira, «All the Young Dudes». Singelen nådde 12. plassen på den britiske singellista i juli 1973. Songen var skriven og sungen av Ian Hunter, og vart utanom den faste besetninga framført med Andy Mackay frå Roxy Music på tenorsaksofon, Bill Price på moog og Paul Buckmaster på cello.

Ein coverversjon kom ut på singel i Frankrike av Babylon Zoo i 1999 og kom ut på albumet deira King Kong Groover.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Honaloochie Boogie» frå , den 16. mars 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mott the Hoople-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Ian Hunter Kategori:Songar frå 1973