Tiger Feet er ein popsong av det engelske glamrockbandet Mud, gjeven ut i januar 1974. Songen vart skriven og produsert av Mike Chapman og Nicky Chinn, og var den første av tre førsteplassar for bandet på UK Singles Chart. Han vart etterfølgd same året av «Oh Boy!» og «Lonely This Christmas».
Bandet spelte songen på Top of the Pops ikledd tigertøflar.
Salslister «Tiger Feet» vart ein stor suksess og gjekk til topps på singellistene i Storbritannia og Irland for fire veker, frå 26. januar til 16. februar, i 1974 og toppa òg listene i Nederland. Han selde over 700 000 eksemplar i Storbritannia aleine og over ein million globalt. Det vart den bestseljande singelen i Storbritannia det året.
Liste (1974)PlasseringAustralia (Kent Music Report)43Belgia1Irland1Nederland1Storbritannia1Sveits5Austerrike6Tyskland6Noreg10
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tiger Feet» frå , den 17. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Mud-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar skrivne av Nicky Chinn Kategori:RAK Records-singlar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Nummer-ein-singlar i Belgia