Dimitrios Domazos, kjend som Mimis Domazos, () var ein gresk fotballspelar frå Aten. Han var midtbanespelar, i lang tid var han playmaker på Panathinaikos.

Karriere Klubbspel Domazos skreiv kontrakt med den greske toppklubben Panathinaikos i desember 1959. Han gjorde teneste i Panathinaikos i nesten to tiår og vann ni seiremeisterskap og tre cupar med klubben sin. Han var kaptein på laget då klubben i 1971 nådde finalen i den store Europacupen. Finalen i London enda med tap 0–2 mot Ajax Amsterdam. Domazos avslutta hos AEK Athen, også der vart han seriemeister.

Landslagsspel Frå landslagsdebuten i desember 1959 til landslagsavskjeden i november 1980 spelte Domazos 50 landskampar for Hellas og skåra 4 mål. Han var kaptein i 22 landskampar.

Merittar Seriemeister: 1960, 1961, 1962, 1964, 1965, 1969, 1970, 1972, 1977 for Panathinaikos Seriemeister: 1979 for AEK Athen Cupmeister: 1967, 1969, 1977 for Panathinaikos

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dimitrios Domazos» frå , den 30. mars 2022. eu-football

Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:Panathinaikos-spelarar Kategori:AEK-spelarar