«My Red Joystick» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut på både 7" og 12" singel frå det trettande soloalbumet hans, New Sensations (1984). Etter den vesle suksessen med «I Love You, Suzanne», vart «My Red Joystick» gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde ikkje like godt. Som «I Love You, Suzanne» fekk han òg ein offisiell musikkvideo, med den same blonde kvinna som hadde vore i den førstnemnde videoen. Reed introduserte ein gong songen på ein konert som sin «versjon av James Brown», og spøkte med at det ikkje var så tydeleg sidan han måtte informere publikum om det før han spelte songen.
«My Red Joystick» er ein av berre to songar frå New Sensations som har ein annan gitarist som spelar gitar enn Reed, der Fernando Saunders speler rytmegitar.
Creem sa, «'My Red Joystick' er faktisk betre enn «Brand New Key», «Squeeze Box» og «No Particular Place to Go» med somme av dei mest morosame seksuelle bielta som nokon gong er nytta i ein rockesong.»
Innhald 7"-singel (104340) «My Red Joystick» «Turn to Me»
12"-singel (PC 3928) «My Red Joystick (Remixed Version)» Remiksa av Francois Kevorkian og Jay Mark «My Red Joystick (Instrumental Version)» Remiksa av Francois Kevorkian og Jay Mark «I Love You, Suzanne»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «My Red Joystick» frå , den 9. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Songar frå 1984 Kategori:RCA Records-singlar