Richard Leonard 'Len' Tuckey () er ein engelsk musikar, låtskrivar, komponist og plateprodusent. I ein karriere på over 40 år har Tuckey vore gitarist for The Chasers og The Riot Squad før han vart medlem av The Nashville Teens. Han vart kjend tidleg i 1970-åra som sologitarist for Suzi Quatro. Han var medlåtskrivar på fleire av songane til Quatro, inkludert hittar som «Mama's Boy».
I 1976 gifta han seg med Suzi Quatro. Dei fekk to barn i lag og vart skilde i 1992.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Len Tuckey» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Sologitaristar