Internett i Noreg er tilgjengeleg gennom fiber- eller mobilnettverk. Domenekoden for landet er .no. I 2013 hadde nesten 100 % av innbyggjarane i Noreg tilgang til Internett."Percentage of Individuals using the Internet 2000-2012", International Telecommunication Union (Geneva), June 2013, henta 22. junu 2013

Soge I 1973 blei Noreg det fyrste ikkje-engelskspråklege landet til å koplast til ARPANET. NORSAR (Norwegian Seismic Array) ved Kjeller utanfor Oslo blei forbdunde med satellitt til SDAC (Seismic Data Analysis Center) i Virginia i USA som del av ARPANET for å overvaka kjernevåpentestavtalar med Sovjetunionen.

Toppnivådomene .no  er nasjonalt toppnivådomene (ccTLD) for Noreg. Norid er domenenamnregiseret med base i Trondheim. Det har statlege Uninett som eigar, og blir overvaka av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet."Historien om .no" ("Norid History"), Uninett. Henta 18. september 2013. (English translation) 9. juli 2021 var det 824 489 registrerte .no-domene."Historien om .no" ("Norid History"), Uninett. Henta 18. september 2013. (English translation)"Domains within .no", Norid, Uninett, 24 January 2013. Retrieved 18 September 2013. Ein kan berre registrera domene knytte til organisasjonar som er representerte i Noreg og registrerte ved Brønnøysundregistera. Ein organisasjon kan ha maksimalt 100 domene. I tillegg kan individ som bur i Noreg registrera eit undernivådomene, priv.no. Det finst andre undernivådomene for visse organisasjonar, som kommunar og skular. Den strenge reguleringa gjer at cybersquatting nesten ikkje finst. Utgåtte domene blir verna mot ombruk i seks månader."Domain name Policy for .no", Norid, Uninett, 13 May 2013. Retrieved 18 September 2013. https://web.archive.org/web/20020702032048/https://www.norid.no/navnepolitikk.en.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Internet in Norway» frå , den 18. april 2022.

Bakgrunnsstoff

Fornye.no/internettleverandorer/. Prisliste over ulike norske internettleverandørar