«Never Turn Your Back on Mother Earth» er ein song av det amerikanske rockebandet Sparks. Songen kom ut seint i 1974 som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Propaganda.

Nyinnspeling for Plagiarism I 1997 spelte Sparks inn ein ny versjon av songen med produsenten Tony Visconti. Dette introduserte strykarar og kor. Songen avsluttar Plagiarism, der han glir over frå det førre sporet, «The Number One Song in Heaven».

Andre versjonar Depeche Mode spelte inn ein versjon av songen på ein flexi-disc som vart send til medlemmar av den offisielle fanklubben deira jula 1987.

Martin Gore, gitarist og låtskrivar i Depeche Mode, spelte inn ein versjon for den første EP-en sin, Counterfeit, i 1989.

Nicola Sirkis spelte inn songen som B-sida til singelen sin «Alice dans la Lune» i 1992, frå albumet Dans La Lune.

Johan Johansson skapte ein svensk versjon kalla «Kärlek & respekt till moder jord» for EP-en sin 10 i 1994.

Karen J. Walsha spelte inn ein versjon for det nederlandske hyllestalbumet Amateur Hour (A Global Tribute to Sparks), gjeve ut i 1999.

Haloed Ghost spelte inn ein versjon for EP-en sin Saw Versions i 1994.

Billy Mackenzie spelte inn ein versjon som kom ut i 2005 på albumet sitt Transmission Impossible.

Paul Roland spelte inn ein versjon i 2005 på albumet hans Strychnine... And Other Potent Poisons.

Geezerbird har spelt inn ein versjon i 2006 for albumet One in the Hand.

Mary Hopkin spelte inn ein versjon i 2007 på albumet sitt Valentine.

Neko Case har ein versjon frå 2009 på albumet sitt Middle Cyclone.

Louis Guidone laga ein versjon i 2011 på albumet Meet Your Maker.

Satie's Faction spelte inn ein instrumental versjon i 2012 for albumet sitt Déjà Vu.

Innhald «Never Turn Your Back on Mother Earth» — 2:28 «Alabamy Right» — 2:11

Medverkande Ron Mael - klaverinstrument Russell Mael - vokal Trevor White - gitar Ian Hampton - bassgitar Norman «Dinky» Diamond - trommer Adrian Fisher - gitar

Salslister ListePlasseringU.K. Singles chart13Den tyske singellista40

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Never Turn Your Back on Mother Earth» frå , den 23. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Ron Mael Kategori:Sparks-songar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av Muff Winwood Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Island Records-singlar Kategori:Depeche Mode-songar