Åarjelhsaemien Teatere AS, tidlegare Åarjelhsaemien Teatere (sørsamisk for 'sørsamisk teater'), er eit teater i Mo i Rana på Helgeland i Nordland. Teateret deler lokale med Nordland Teater i Rådhusalleen 6 i Mo i Rana sentrum. Det blei skipa 1. januar 1985 av sørsamar frå Noreg og Sverige som ei amatørteatergruppe med eit sete i Mo i Rana og eit anna i Tärnaby i Storuman kommune i Västerbottens län.Marit Ulriksen: Vil ikke eie sydsamisk teater, Rana Blad, 7. mars 2012 I 2008 blei det delt inn i ein norsk og ein svensk del. 9. september 2012 blei den norske delen omdanna til eit AS med Sametinget, Nordland fylkeskommune og Rana kommune som eigarar.Sydsamisk teater har blitt AS , Scenekunst i Nordland, 9. september 2012

Teateret har som mål å synleggjera sørsamisk kultur og språk gjennom musikk og teaterkunst. Forsøk på å revitalisere det sørsamiske språket står sentralt i førestillingar for barn og unge. I førestillinga Der Stjernan Bor (2010) fekk barn og unge delta i framføring av sørsamisk språk, tekstframføring, skodespelarteknikk og dans. Familieførestillinga GON, som hadde premiere i mars 2009 i Tärnaby, og som blei vist under Vinterlysfestivalen i Mo i Rana i 2010, var berre på sørsamisk. Det same gjaldt barneførestillinga Saajve Sijte.

Teateret har produsert ein monolog om Elsa Laula Renberg, en «joikikal» om barnebokfiguren Plopp i 2016Plupp - teaser; asteatere.no og bidratt til førestillinga Tjidtjie - mamma i 2017.Tjidtjie- Mamma har premiere under Olavfestdagene; asteatere.no

Teatersjef per 2022 er Kristin Solberg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Åarjelhsaemien Teatere» frå , den 24. april 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Samiske teater Kategori:Emne knytte til sørsamar Kategori:Teater i Noreg Kategori:Kultur i Rana Kategori:Skipingar i 1985