Gállogieddi er eit samisk friluftsmuseum i Evenes kommune i Nordland. Namnet kan omsetjast til 'storstein-marka',Gállogieddi; meron.no eller 'enga ved den store steinen'. Det norske namnet på staden er Myrnes. Den samiske kulturfestivalen Márkomeannu blir halden kvart år på Gállogieddi.
Museet er eit fråflytta markesamisk gardstun. Særtrykk fra boka Fotefar mot nordMartin Myrnes, Aslaug Olsen og Kjersti Myrnes Balto. Gállogieddi. Fra nomader til bofaste. Skániid girjie, 2006. ISBN 9788291973166 Den fyrstDen samiske kulturfestivalen Márkomeannu blir halden kvart år på Gállogieddi. e faste busetjinga her fann stad mot slutten av 1700-talet, då reindriftssamen Jon Nilsen og familien hans slo seg ned her.Gállogieddi samisk friluftsmuseum ; Evenes kommunes nettsider Området i og rundt markebygdene i Evenes var godt kjent for reindriftssamane; kvar vår flytta dei frå vinterbeita på svensk side til sommarbeita ved norskekysten. Mange av reindriftssamane blei etter kvart bufaste, og dette er grunnlaget for dagens markebygder. Stovehuset og fjøset på garden er frå 1895.
Gállogieddi opna som museum i 1990, og består i dag av gamme, tradisjonell bogestongslavvo, våningshus, fjøsbygning, eldhus, stabbur, skjeltersjå, jordkjellar og ei samling gamle gjenstandar og reiskapar. Etter at museet ved Várdobaiki kultursenter blei oppretta i 2010, blei driftsansvaret for Gállogieddi friluftsmuseum overført frå Evenes kommune til Várdobáiki.Várdobáiki muséum ; vardobaiki.no
I august 2017 vitja kronprins Haakon museet under ei markering av ei fullført registrering av samiske bygningar frå før 1925. Sametinget, Riksantikvaren og Klima- og miljødepartementet samarbeidde om registreringa.Markerte samisk bygningsvern; Kongehuset.no; 29.8.2017
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gállogieddi friluftsmuseum» frå , den 4. mai 2022.
Litteratur Marit Myrvoll: «Markesamisk gårdstun» i: Fotefar mot nord, Nordland fylkeskommune 1995, ISBN 8291138206 Martin Myrnes, Aslaug Olsen og Kjersti Myrnes Balto: Gállogieddi. Fra nomader til bofaste, Skániid girjie, 2006, ISBN 9788291973166
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Nordland Kategori:Samiske museum Kategori:Kulturminne i Evenes Kategori:Friluftsmuseer i Noreg