«Prince Charming» er ein song av Adam and the Ants som gjekk til topps på UK Singles Chart for fire veker i september 1981. Han var skriven av Adam Ant og Marco Pirroni, og kom ut på albumet med same namn. Songen vart den andre førsteplassen til Adam and the Ants på rad og var den femte største hitten det året.
Musikkvideo Bandmedlemmet og produsenten Merrick (Chris Hughes), normalt på trommer, spelte eit riff på ein akustisk gitar gjennom songen. Sologitaristen Pirroni mima til sin part på både ei harpe og ei miniatyrharpe i videoen. Musikkvideoen var kjend for den ekstravagante produksjonen samanlikna med andre videoar produserte på denne tida.
Videoen består av Adam Ant i ein mannleg Askepott-rolle.
«War Canoe» 27. mars 2010 hevda Rolf Harris på BBC Radio 5 Live-programmet Danny Baker Show at dei hadde kome til semje om å betale han ein større sum honorar etter at ein musikkforskar viste at «Prince Charming» var musikalsk identisk til Harris-songen «War Canoe» frå 1965.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Prince Charming (Adam and The Ants song)» frå , den 6. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Adam and the Ants-songar Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av Marco Pirroni Kategori:Songar skrivne av Adam Ant Kategori:Songar frå 1980 Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Songar produserte av Chris Hughes