«Get Your Hands off My Woman» er debutsingelen til det engelske rockebandet The Darkness. Songen kom ut i februar 2003 som den første singelen frå debutalbumet deira, Permission to Land. Sjølv om singelen vann ein pris hos Metal Hammer for beste singel, gjorde han det dårlegare enn dei andre singlane deira verda over. Alle medlemmane i bandet står oppførte som låtskrivarar, men teksten skal visstnok reflektere personlege opplevingar som solovokalisten Justin Hawkins hadde hatt. «Get Your Hands off My Woman» vart ein allsongfavoritt på konsertane til The Darkness, dels på grunn av den parodiske obskøniteten. Songen vart spelt av Ben Folds på EP-en hans Super D i 2004.
Innhald CD-singel «Get Your Hands Off My Woman» - 3:18 «The Best Of Me» - 3:30 «Get Your Hands Off My Woman» (Clean Radio Version) - 3:07
7"-vinyl «Get Your Hands Off My Woman» - 3:18 «The Best Of Me» - 3:30
Salslister Liste (2003)PlasseringUK Singles Chart43
Bakgrunnsstoff News story on the Darkness, including discussion of «Get Your Hands off My Woman» Review of concert by the Darkness, including «Get Your Hands off My Woman» from New Times Broward-Palm Beach
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Get Your Hands off My Woman» frå , den 9. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutsinglar frå 2003 Kategori:The Darkness-songar Kategori:Songar frå 2003 Kategori:Songar skrivne av Justin Hawkins Kategori:Songar skrivne av Dan Hawkins Kategori:Songar skrivne av Ed Graham Kategori:Songar skrivne av Frankie Poullain Kategori:Atlantic Records-singlar