Pedro Pablo Pichardo () er ein kubansk-portugisisk tresteghoppar frå Santiago de Cuba som vart olympisk meister i øvinga under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021. Året etter vart han verdsmeister i øvinga i Eugene i Oregon og europameister i München. I 2025 vann han VM-gull for andre gong. Pichardo sin personlege rekord er på 18,08 meter, oppnådd i 2015.
Aktiv Pichardo hoppa over 17 meter fyrste gongen då han landa på 17,16 meter i eit stemne i Havanna i februar 2013. Fire månader seinare presterte han årsbeste i verda då han same staden nådde 17,69 meter. Under VM-finalen i Moskva august 2013 kom han på andreplass med 17,68 meter, sjanselaus mot franske Teddy Tamgho som hadde sin aller beste dag i tresteg-gropa.
8. mai 2015 i Havanna sletta Picardo den kubanske rekorden til Yoelbi Quesada i tresteg, med 17,94 meter lengde han landsrekorden med 9 cm. Vel ei veke seinare, den 18. mai i Doha flytta han rekorden til 18,08 meter og plasserte seg på tredjeplass på verdsstatistikken i tresteghopp. I verdsmeisterskapen i Beijing vann han ein ny sølvmedalje, grundig slått av Christian Taylor som med sine 18,21 meter presterte livsbeste.
I april 2017 forlet Pichardo det kubanske friidrettslandslaget i Stuttgart og søkte om portugisisk statsborgarskap. Frå august 2019 kunne han tevle internasjonalt for Portugal, enda så på fjerdeplass i Doha-VM. I OL-finalen i Tokyo sommaren 2021 sette han portugisisk rekord med eit hopp på 17,98 meter og vann ein suveren gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 17,68 m, bakom Teddy Tamgho (18,04 m) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 17,73 m, bakom Christian Taylor (18,21 m) VM 2019 i Doha: Nr 4 – 17,62 m OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 17,98 m, framom Zhu Yaming (17,57 m) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 17,95 m, framom Hugues Zango (17,55 m) EM 2022 i München: Gullmedalje – 17,50 m, framom Andrea Dallavalle (17,04 m) EM 2024 i Roma: Sølvmedalje – 18,04 m, bakom Jordan Díaz (18,18 m) OL 2024 i Paris: Sølvmedalje – 17,84 m, bakom Jordan Díaz (17,86 m) VM 2025 i Tokyo: Gullmedalje – 17,91 m, framom Andrea Dallavalle (17,64 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pedro Pichardo» frå , den 11. mai 2022.
World Athletics
Kategori:Cubanske tresteghopparar Kategori:Portugisiske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Portugal Kategori:Europameistrar i friidrett for Portugal Kategori:Olympiske meistrar for Portugal Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Portugal Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024