Motorheart er det sjuande studioalbumet til det britiske hardrockbandet The Darkness, gjeve ut 19. november 2021 på Canary Dwarf.
Bakgrunn Under covid-19-pandemien spelte kvartetten i The Darkness inn eit nytt album. Det var inspirert av AC/DC og Guns n' Roses, med somme hint av Van Halen og Mötley Crüe.
Mottaking
Albumet fekk generelt positive meldingar. På Metacritic, som gjev ein normert karakter opp til 100 basert på tilgjengelege meldingar frå ulike media, har albumet ein score på 70, basert på fem meldingar.
I følgje Neil Yeung på Allmusic: «Det er eit slankt album på ni spor som ikkje dveler ved noko djupare enn basale ønsker eller enkle gleder. Ei morosam og bombastisk utgiving som speler på styrkane deira som teknisk dyktige, men utsvevande narrar i den britiske rockeverda. Songar som stikk seg fram er den monstrøse 'Motorheart', ein arenaimploderende ode til ein sexrobot; den rullande 'Nobody Can See Me Cry'; og den synthvaska grooveren 'Speed of the Nite Time', ei fin tempoforandring for bandet som opplever at dei tar ei meir polert tilnærming til tilbedinga til 80-talet. Resten av settet avvik ikkje for mykje frå formelen: sjølv når sekkepipene dukkar opp på 'Welcome Tae Glasgae', består Motorheart av riff og falsettskrik designa for å gløyma verkelegheita og draumen om folkemengder fullpakka med headbanging, øl-gjennomvåte hedonistar som syng med på dei same songane.»
Innhald
Medverkande Justin Hawkins – vokal Dan Hawkins – gitar, korvokal Frankie Poullain – bass, korvokal Rufus Tiger Taylor – trommer, korvokal
Salslister Liste (2019) Plassering
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2021 Kategori:The Darkness-album