mini|Himalayatahr mini|Nilgiritahr mini|Arabisk tahr Tahr (frå pahari) er ei gruppe store klauvdyr som minnar om og er i slekt med geiter og sauer. Det finst tre ulike artar av tahr, alle frå Asia. Ein trudde tidlegare at dei var nært i slekt med kvarandre og plasserte dei i ei biologisk slekt, Hemitragus. Genetiske studiar har seinare vist at dei ikkje er så nært i slekt som ein trudde, og dei er no plasserte i kvar si monotypiske slekt: Hemitragus blir no bruk for himalayatahr, Nilgiritragus for nilgiritahr og Arabitragus for arabisk tahr.Ropiquet, A. & Hassanin, A. 2005. Molecular evidence for the polyphyly of the genus Hemitragus (Mammalia, Bovidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 36(1):154-168
Område Både arabisk tahr i Oman og nilgiritahr i Sør-India har begge små utbreiingsområde og er rekna som tryga artar, medan himalayatahr er relativt utbreidd i Himalaya. Denne arten er også blitt introdusert til Søralpane på New Zealand, der det blir drive jakt på han. Eit tahr-par som rømte frå ein dyrehage i Sør-Afrika i 1936 etablerte ein populasjon på Table Mountain ved Cape Town, men det meste av denne er blitt utrydda. Nilgiritahr held til i fjellområde i Sør-India. I 1998 fanst det rundt 1400 individ av arten, med den største populasjonen fordelt mellom dei indiske statane Tamil Nadu og Kerala, sårbar for krypjakt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tahr» frå , den 16. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Pattedyr i Asia Kategori:Geiteantiloper