Bååstede er eit prosjekt som blei starta i 2012 for å tilbakeføra samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til seks samiske museum. Ordet bååstede betyr 'tilbake' på sørsamisk.
Tilbakeføringsavtalen Prosjektet er tufta på ein avtale som blei signert i Sametinget i Karasjok den 19. juni 2012. Avtalen blir på norsk kalla «Tilbakeføringsavtalen for samisk museumsmateriale», og i avtalen forplikta Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo seg til å avlevera samiske museumsgjenstandar til dei seks musea som høyrer inn under Sametinget sitt ansvarsområde. I alt omfatta avtalen plikt til å avlevera om lag 2 000 gjenstandar, det vil seia halvparten av den samiske samlinga som var ved Norsk Folkemuseum. Kulturhistorisk museum hadde i 1951 deponert sin del av denne samlinga ved Folkemuseet.
Dei to musea i Oslo skulle stilla til rådigheit for dei seks samiske musea arkivmateriale som grunnlag for utveljinga av kva gjenstandar dei seks musea såg på som mest aktuelle å få tilbakeført. Deretter skulle ein kommisjon med representantaer frå alle dei involverte partane avgjera kva gjenstandar som skulle avleverast. Avtalen la opp til at tilbakeføringa skulle vera fullført hausten 2017.
Dei seks samiske musea Etter til Tilbakeføringsavtalen skulle følgjande seks museum vera mottakarar av dei om lag 2000 gjenstandane frå samlinga til Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum:
Tana og Varanger Musumssiida, Øst-Finnmark, RiddoDuottarMuseat, Vest-Finnmark Samtidsmuseet for nordlige folk, Manndalen i Troms Várdobáiki, Evenes i Troms Arran Lulesamisk senter, Tysfjord Saemien Sijte, Sørsamisk museum og kultursenter, Snåsa
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bååstede» frå , den 1. juni 2022.
Bakgrunnsstoff Om Bååstede på nettstaden til Norsk Folkemuseum
Kategori:Samisk kultur Kategori:Samisk historie Kategori:Skipingar i 2012 Kategori:Samiske museum