Havsil (Ammodytes marinus) er ein fisk i silfamilien som lever i havet, og som kan bli opp mot 24 cm lang. Han har 55-63 stråler i ryggfinnen. Fisken blir også kalla kvitsil, sandgrevling og tobis.

Leveområde Arten har ein meir nordleg førekomst enn småsil, og er utbreidd frå Kolahalvøya til Island og Grønland, og mot sør til den engelske kanalen. Han er den vanlegaste silarten i Nord-Noreg. I Austersjøen finst han aust til Bornholm. Havsil lever på 10-40 m djupne.

Næring og levesett Føden er mark, krepsdyr og fiskeyngel. Havsil er sjølv viktig føde for sjøfuglar.

Leiken føregår i november-februar, og på same måte som hjå småsil.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Havsil» frå , den 9. juni 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Silfamilien Kategori:Fisk i Noreg