Njasvizj slott (belarusisk Нясьвіскі замак) er ein verdsarvstad i Njasvizj i Belarus.

Historikk Det rektangulære, treetasjes slottet vart bestilt av magnaten Mikołaj Krzysztof Radziwiłł i 1582. Hovudbygningen stod ferdig i 1604. Eit halvt hundreår seinare vart det bygd fleire galleri. Hjørna av slottet vart grunnfesta med fire åttekanta tårn.

I 1706, under den store nordiske krigen, plyndra hæren til Karl XII slottet og øydela festningsverka. Nokre tiår seinare inviterte familien Radziwiłł nokre tyske og italienske arkitektar til å renovere og utvide slottet. Antoni Zaleski dekorerte den gule fasaden med barokkstukkatur. Portane til slottet frå 1600-talet vart også rekonstruerte, og slottets toetasjes tårn vart krona med tårnhette.

Renovering og seinare bruk I 1881–1886 vart interiøret av slottet renovert av prins Antoni Radziwiłł og kona hans Marie de Castellane. Dei teikna også slottsparken i engelsk stil. I 1939 vart familien kasta ut av slottet av den raude hæren. Under Sovjettida vart slottet brukt som eit sanatorium. Parken vart gradvis forfallen.

I 1994 vart slottet erklært som eit nasjonalhistorisk og kulturelt reservat. I 2005 vart slottet oppført på UNESCO si verdsarvliste. Slottskomplekset vert rekna som det vakraste i Belarus.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Nesvizh Castle» frå , den 11. juni 2022. Denne artikkelen bygger på «Njasvizj slott» frå , den 11. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad Om Njasvizj slott på Belarus.by

Kategori:Byggverk i Belarus Kategori:Verdsarv i Belarus