Nebblaksetobis (Magnisudis atlantica) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.

Utsjånad Fisken er lang og smal med spist hovud og stor munn. Kroppen minner om den til ein barrakuda, og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen, analfinnen, har mellom 21 og 25 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne. Lengda kan bli opptil 56 cm.

Levesett Nebblaksetobis er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 4 700 meter. Føda består av småfisk og reker. Arten er sjølv føde for haiar, tunfisk og kvalar. Han har ingen særskild paringssesong, men kan formeira seg heile året.

Utbreiing Arter er blitt funnen i alle tempererte og tropiske hav mellom 69°N og 61°S. Han går berre sjeldan inn i Nordsjøen (den nordre delen) og Skagerrak, og finst ikkje i Middelhavet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laxtobis» frå , den 14. juni 2022.

Kategori:Øglefiskar